Oppstart Løypekøyring

Det har no kome litt meir sno samtidig med kulde og me tek til med preparering av fleire løyper. Det vart køyrt opp med løypemaskin frå Vesleå via Trovassdalen og til Buin i kveld. Det er meldt fint og kaldt framover mot helga og me prøvar å koma rundt i fleire løyper dei nærmaste dagane. Fyrste runden køyrer me med glattebrett på løypemaskina.