Løypekøyring 29.12

Løypenettet vert køyrt opp på nytt i dag 29.12 etter snofallet i nått. Det vert framleis nytta glattebrett for preparering då dette er robust mot stein og lett å handtere i ulendt terreng. Dette er sjølvsagt berre no medan det enno er lite sno i løypene. Glattebrettet er normalt ikkje utstyrt med sprorsetjar, og difor vert det bare skøytetrase i løypenettet. Mange har gjeve uttrykk for at dei saknar klassiske spor. Det vart difor i morgontimane i dag montera ein sporsetjar på glattebrettet slik at det i dag også er sett eit klassisk spor. Ein gjer merksam på at dette vil føre til litt lausare skøytedel i løypa då ein ikkje kan frese med glattebrettet.