Oppdatering status løypemaskin

Mange er spente på korleis det går med løypemakina.

Diverre er det ingen gode nyhetar. Me har jobba med feilsøking kvar dag den siste veka. Utstyr for trykktesting av kjølesystemet er anskaffa og viser at det er lekkasje i systemet. Det er problematisk å lokalisere kvar lekkasjen er.  Råda frå importøren er å ikkje skru opp motoren før vi er heilt sikre på at det er topp pakningen som er problemet.  Reknar med at dette blir avklara i løpet av komande døgn. Løypemaskina kan difor ikke nyttast denne helga.