Oppdatering 10.1

På grunn av mildvær og regn dei seinste dagane har dessverre reparatøren vore mykje oppteken med brøyting og moking av hyttetak. Me har difor framleis ein alvorleg feil på dieselsystemet på løypemaskina som ikkje er fullt identifisera. Delane som ein antek må byttast er kostbare, men heldigvis tilgjengelege frå Mercedes. Me håpar reparatøren får ein rolegare dag i morgon med høve til å arbeide med løypemaskina.