Ny status på motor

Toppen har i dag vore til planing på motorverkstad. Toppakning og andre nødvendige delar er undervegs til oss.

Dysene har også vore til kontroll og på dieselverkstad. Det vart oppdaga feil på ei av desse. Den hadde ei defekt fjær og skive. Diverre ikkje ein vanleg feil dette heller, så desse delane måtte også bestillast. Håpar på meir avklaring rundt dette i morgon.