Oppføringer av Olav

Litt trøbbel denne helga

Det har kome mykje sno sidan fredag og me ville normalt ha køyrt opp på nytt no, men sidan festet til glattebrettet svikta under oppkøyringa fredag får me ikkje gjort dette. Me skulle no likevel skifte over til fres med preppeutstyr fyrstkomande veke.  Dette vil bli gjort no rett over helga og me vil då vera i gang att.

Løypekøyring joli 2017

Det er meldt mildt og regn 23.12 men ser meir lovande ut når det gjeld 1. joledag og utover. Det er då meldt minusgrader og litt sno. Løypene vil då bli køyrt opp på nytt. Det vil bli køyrt med løypemaskina der det er mogleg. Sidan mange problemområde vart utbetra i sommar kan me nytte løypemaskin på mykje mindre […]

Løypekøyring 15-16.12

Løypene vart friska opp med scooter og sporsetjing i dag. Glattebrettet som vart anskaffa til løypemaskina i haust er no tilpassa og tekje i bruk i Sauliløypa. Sidan dette er lett utstyr vil me no kunne trakke og glatte samtidig og løypene vil bli betre alt etter fyrste oppkøyring.