Trovassløypa

Trovassløypa er ei løype som gjeng mellom hyttefelti ved Trovasstjønnane med rundløype om Breivasstaulen. Tek ein utgangspunkt ved Grasbekk gjeng løypa opp bakkane mot Breivassvegen. Oppe ved Breivassvegen kjem ein inn på runden om Breivasstaulen og Småliane. Tek du til høgre passerar du Breivasstaulen og tek til venstre gjennom skogen mot Svarttjønn og over til Vaddemobakkane, der du møter Drivarbekkløypa på høgre hand. Rundløypa fortset til venstre ned Vaddemobakkane. I botn av Vaddemobakkane kan du ta til høgre mot Nordskog hyttefelt eller fortsetje rett fram mot Småliane hyttefelt og attende Breivassvegen. Tek du løypa mot Nordskog endar den ved bilvegen inn til hyttefeltet.  (Det er mogleg å fylgje bilvegen herfrå attende til Trovassvegen og Buinvegen vidare mot Grasbekk.)
Lengde: 5,5 km. Lågaste pkt.: 710 moh. Høgaste pkt.: 780 moh.

LØYPESTATUS

Lengde5,5 km
Status
Seinst køyrt12.04.2017 - 08:20
Hittil denne sesong13

GPS SPORING

INFORMASJON