Sauliløypa

Sauliløypa er ei rundløype med utgangspunkt i Sauli hyttefelt. Dersom du startar ved bommen og kryssar Øyfjellvegen gjeng løypa opp slake bakkar mot Mørke, svingar så over åsen og ned Kloseldalen til jordet på Førstøyl. Øvst i jordet kryssar du gardsveg og fylgjer løypa opp mot Nappestøyl der løypa kryssar Førstøylåi. Etter nokre kneikar er du oppe ved Stemmetjønn. Ved Stemmetjønn møter du Buinløypa på høgre hand. Sauliløypa held fram mot venstre i lett skiftande lende til Krossdalen. Snart bryt lendet nedover Trovassdalen. Ver forsiktig i den bratte utforkøyringa øvst i dalen! Ned mot Vesleå flatar lendet seg ut. Løypa kryssar på ny Øyfjellvegen og fylgjer myrane langs Bergsvatn mot Breiset. Snart er du attende i hyttefeltet. Her kan du velje om du vil gå indre eller ytre trase.
Total lengde: 9,4 km medrekna indre og ytre trase inne på hyttefeltet. Lågaste pkt.: 650 moh. Høgaste pkt.: 790 moh.)

LØYPESTATUS

Lengde8,5 km
Status
Seinst køyrt22.03.2017 - 14:30
Hittil denne sesong13

GPS SPORING

INFORMASJON