Heimigardsløypa

Parkeringsplassen ved Grendehuset er det naturlege utgangspunktet for deg som er på dagstur i området. Du kryssar Øyfjellsvegen ved Grendehuset og fylgjer gardsvegen mot Heimigard Trovatn omlag 50 m til brua over Storå. Rett over brua byrjar løypa på høgre hand. Løypa gjeng over Bruhaugjordet. I enden av jordet svingar løypa skarpt mot venstre. Vidare gjeng du forbi Fonnebø og over jordet på Heimigard Trovatn. Her byrjar ei slak oppstigning mot Buinvatn. Oppe ved vatnet er du framme ved Buin hyttefelt. Her kjem du inn på Buinløypa, som du kan fylgje vidare, anten mot nord eller sør. Heimigardsløypa fylgjer same trase som Buinløypa mot nord, til løypekrysset ved Buinvegen. Her tek Heimigardsløypa til venstre og ned bakkane til Grasbekk og fylgjer så langs Nedre Trovasstjønn attende til Heimigard Trovatn.
Lengde: 6,5 km. frå Grendehuset og attende. Lågaste pkt.: 670 moh. Høgaste pkt.: 780 moh.

LØYPESTATUS

Lengde6,5 km
Status
Seinst køyrt14.04.2017 - 08:00
Hittil denne sesong17

GPS SPORING

INFORMASJON