Gjeslemoløypa

Gjeslemoløypa gjeng dels i glisen skog og dels i ope fjellterreng. Kjem du opp frå Buin eller Myrkvarv møter du løypa ved krysset ovom Roet. Her tek du til venstre og gjeng over myrane forbi Nivelkinn, fram til Stavatjønn. Kjem du kjem opp Breivassløypa frå Breivatn møter du løypa her ved Stavatjønn. Her svingar løypa opp mot Dømlaus. Frå hyttene på Dømlaus gjeng løypa i ein svært bratt bakke opp Dømlausskaret. (Kjem du andre vegen og løyper ned her, må du vera ekstra forsiktig. Tak gjerne av skiene ned brattaste kneiken!) På toppen av skaret flatar lendet ut og fjellviddene opnar seg innover mot Nordbøkriklan, Kultankriklan og Myklevatn. Ved Nordbøkriklan svingar løypa mot høgre, over høgdi til Grunntjønn og Gjeslemo. Frå Gjeslemoskaret gjeng løypa i bakkar nedover og attende til løypekrysset ovom Roet. NB: Løypa vert ikkje køyrd opp over Grunntjønn og Gjeslemotjønni på grunn av istilhøva.
Lengde: 4,8 km. Lågaste pkt.: 835 moh., høgaste pkt.: 975 moh.

Det vert ikkje køyrt opp løyper lenger innover fjellet enn denne løypa, men området ved Nordbøkriklan er eit godt utgangspunkt for turar vidare i eit flott fjellterreng inn mot Myklevatn og Vornuten. Når føret er bra kan Storegrønut (1126 moh.) eller Kabrettstaulsfjellet (1085 moh.) vera laglege turmål for dei sprekaste.

Tips: På grunn av den harde utforkøyringa ved Dømlaus vil me tilrå at du gjeng løypa opp Dømlausskaret og ned Gjeslemoskaret.

LØYPESTATUS

Lengde4,8 km
Status
Seinst køyrt14.04.2017 - 10:30
Hittil denne sesong11

FRÅ LØYPA

GPS SPORING

INFORMASJON