Buinløypa

Buinløypa gjeng som ei rundløype i lett terreng rundt tjønnane sør for Buin. Tek ein utgangspunkt i løypekrysset ved oppslagstavla på Buin, gjeng løypa sør-vestover og møter Heimigardsløypa som kjem opp frå høgre i vestenden av Buinvatn. Du held vidare fram over eit slakt høgdedrag fram mot Gråndalstjønni. (Rett før du kjem til tjønni kan du eventuelt ta til venstre mot Tvigyva om du ynskjer ein stuttare runde.) Frå Gråndalen gjeng løypa opp myrdraget bak Lauvnuten og nedatt mot Stemmetjønn. Her møter du og Sauliløypa, som kjem frå høgre og du held fram i same trase som denne over Stemmetjønn. Her gjeng Sauliløypa ned mot Førstøyl, medan Buinløypa vender bakover tjønnane att. Løypa fylgjer så austsida av tjønnane, forbi Tvigyva. Ved Buinbekken tek Roløypa av til høgre mot Myrkvarv og Roet, medan Buinløypa fyljer myrane innover mot Buinvatn. I austenden av vatnet møter du på nytt Roløypa som her tek opp til høgre mot Nivelkinn, medan denne runden tek mot venstre og attende til utgangspunktet i hyttefeltet.
Lengde: 6,2 km. Lågaste pkt.: 750 moh. Høgaste pkt.: 780 moh.

INFORMASJON