Om oss

Øyfjell Raudsinutan Løypelag køyrer preparerte skiløyper i området Øyfjell – Raudsinutan. Me er 3 personar som kvar har lik part i laget og stend sjølve for køyringi. Oppstarten var vinteren 2006 med ei eldre M-Track løypemaskin. Våren 2008 vart denne skifta ut med ei større maskin av typen Prinoth Husky frå 2001. Hausten 2016 vart denne selt og ei nyare og meir velutstyrt Husky løypemaskin vart innkaupt. Øyfjell Raudsinutan Løypelag DA er registrert med org.nr. 992707003

Tilbakemeldingane på løypenettet har vore gode og me vonar at me kan halde fram med dette tilbodet i åri som kjem. No i dag er løypenettet vårt på nær 50 km. Løypenettet er samansett av ei rekkje rundløyper som bind saman dei ulike hyttefelti med fjellområdi i nærleiken og sentrum i bygdi. Løypene vert køyrt opp gjennom vintersesongen når snoforholdi tillet det, med prioritering av helger og feriar. Løypemaskina har fres og doble sporsetjarar. Dei fleste løypene vert køyrde med enkel sporsetjing slik at det er mogleg å skøyte ved sida av sporet. Delar av Sauliløypa vert køyrd med dobbel sporsetjing etter ynskje frå hytteforeininga.

Drifti vert finansiert gjennom ytingar frå hyttefelti sine velforeiningar og Vinje kommune, samt noko støtte frå enkelthytter og private.

Dersom du kunne tenkje deg å støtte oss og dermed vera med å sikre at me kan oppretthalde løypetilbodet, er me takksame for det. Du vel sjølv beløp. Kontonummer til Øyfjell Raudsinutan Løypelag er: 2711.21.08136
Hytteforeiningane støttar årleg med kr. 950,- pr. hytte.
Fastbuande i området som vil støtte oss kan også gjera dette gjennom Øyfjell Utvikling sin løypekonto.

Takk til alle som bidreg med økonomisk støtte.

2016

2015

Bidrag2015

2014

Bidrag2014

2013

Bidrag2013

2012

2011

2010

GPS SPORING

INFORMASJON