Øyfjell Raudsinutan Løypelag køyrer preparerte skiløyper i området Øyfjell – Raudsinutan. Me er 3 personar som kvar har lik part i laget og stend sjølve for køyringi. Oppstarten var vinteren 2006 med ei litt eldre løypemaskin. Våren 2008 vart det investert kr. 510 000,- i ei større og nyare maskin. Øyfjell Raudsinutan Løypelag DA er registrert med org.nr. 992707003

Tilbakemeldingane på løypenettet har vore gode og me vonar at me kan halde fram med dette tilbodet i åri som kjem. No i dag er løypenettet vårt på nær 50 km. Løypenettet er samansett av ei rekkje rundløyper som bind saman dei ulike hyttefelti med fjellområdi i nærleiken og sentrum i bygdi. Løypene vert køyrt opp gjennom vintersesongen når snoforholdi tillet det, med prioritering av helger og feriar. Løypemaskina har fres og doble sporsetjarar. Dei fleste løypene vert køyrde med enkel sporsetjing slik at det er mogleg å skøyte ved sida av sporet. Delar av Sauliløypa vert køyrd med dobbel sporsetjing etter ynskje frå hytteforeininga.

Drifti vert finansiert gjennom ytingar frå hyttefelti sine velforeiningar og Vinje kommune, samt noko støtte frå enkelthytter og private.

Dersom du ikkje er medlem i ei hytteforeining, men kunne tenkje deg å støtte oss og dermed vera med å sikre at me kan oppretthalde løypetilbodet, er me takksame for det. Du vel sjølv beløp. Kontonummer til Øyfjell Raudsinutan Løypelag er: 2711.21.08136
Hytteforeiningane støttar årleg med kr. 950,- pr. hytte.
For deg som bur i området og vil støtte oss kan dette no også gjerast gjennom Øyfjell Utvikling sin løypekonto.

 

 

Vinje Kommune

Turistinformasjon Vinje

Tokke Kommune

Visitdalen

 
   
Øyfjell Raudsinutan Løypelag