24.1.2011-Vil du støtte løypelaget?
Løypekøyrarane i Øyfjell-Raudsinutan Løypelag har dei siste åra skjemt oss bort med eit fantastisk løypenett på austsida av bygda. Dette kostar mykje å halde oppe, Øyfjell Utvikling har difor oppretta ein eigen konto for bygdefolk som vil gjeva eit bidrag til løypelaget. Øyfjell-Raudsinutan Løypelag er i dag finansiert med stønad frå Vinje Kommune og dei ulike hyttefelta sine velforeiningar. Øyfjell Utvikling har no blitt ein part i løypelaget på lik line med velforeiningane. Vi vil samle inn pengar frå bygda og overføre dette til løypelaget den 28. februar kvart år. Dette er ei friviljug ordning og pengesummen avgjer du sjølv. Bruk av løypenettet er gratis, men om du vil bidra med ein pengesum til å hjelpe med å dekke utgiftane knytt til løypekøyringa, er du hjarteleg velkomen.
Kto: 1503. 19. 82496
Merk innbetalinga: Løypestønad. Du finn meir frå Øyfjell på: www.oyfjell.no
|