Informasjon frå ØRL

2.2.2012-Løypekøyring veke 5
Løypenettet vert oppfriska fredag kveld/laurdag morgon.

25.1.2012-Løypekøyring veke 4
Løypenetter blir køyrd opp på nytt til komande helg. Det er meldt noko sno på fredag og me prøvar å køyre mest mogleg tidleg laurdag morgon.

22.1.2012-Brua ved Heimigard
Brua er no sett i stand for sesongen ved hjelp av tømmervogn og gravemaskin.

20.1.2012-Løypekøyring veke 3
Det har kome litt meir sno denne veka og løypenettet vert køyrd opp på nytt fredag kveld/laurdag morgon.

11.1.2012-Løypekøyring veke 2
Løypenettet er no for det meste trakka og planera. Det vert køyrd opp med glatting og sporsejing frå 13.1 og utover. Brua ved Heimigard er ikkje farbar med maskin slik den ligg no. Me prioriterar å køyre opp løypene før denne vert sett i stand.

04.01.2012-Løypekøyring veke 1
Det har no kome brukbart med sno og trakking av løypenettet startar 5.1 Fyrste runden vert køyrd utan glatting eller sporsetjing. Det er meldt om nokre trefall i traseen som me vil fjerne undervegs. Status for løypene vert oppdatera dagleg.

27.12.2011-Oppdatering løypekøyring Jol - Nyttår 2011
Var ute å prøva køyre opp løyper i dag, men regnveret har diverre gjort sitt til at det er for lite sno og for bløtt i myrane. Me treng litt meir sno og kulde før me kan koma i gang med løypemaskina på ein forsvarleg måte ute i terrenget.

20.12.2011-Løypekøyring Jol - Nyttår 2011
Vonar me ikkje får regn men helst litt sno slik at me kan fortsetje oppkøyring av løypenettet.

17.12.2011-Ljosløypa oppkøyrd
Fyrste tur med løypemaskina for sesongen. Ljosløypa i Øyfjell vart trakka og sporsett i kveld. Ein del nedbøygde bjørkar heng inn i løypa så det trengst ein runde med rydding her.

7.12.2011-Skibrua på plass att.
Skibrua over elva nedanfor Stemmetjønn som vart teken av flaumen i sommar er no på plass att. Takk til gjengen frå Sauli feltet for innsatsen.

7.12.2011-Møte i Løypelaget
Me stend framfor ein ny skisesong og det årlege møtet med representantane for velforeiningane og oss i løypelaget vert halde den 13.12. Viser til utsendt innkalling. Me håpar på meir sno fromover mot jol slik at me kan koma igang med løypekøyring.

 

 

 

 


 


 

 

Vinje Kommune

Turistinformasjon Vinje

Tokke Kommune

Visitdalen

 
   
Øyfjell Raudsinutan Løypelag